Visit Bergen tek verda til Bergensregionen

Turoperatørmarknaden er viktig. Det same er god medieomtale. Det har Visit Bergen lagt vekt på i regionarbeidet i 2023.



Ved utgangen av 2023 er 11 kommunar i tillegg til Bergen med i destinasjonsselskapet for Bergensregionen. Visit Bergen sitt geografiske nedslagsfelt og arbeidsområde strekkjer seg frå Tysnes og Austevoll i sør til Sognefjorden i nord og Modalen i aust. Dei deltakande kommunane i regionsamarbeidet i 2023 er: Alver, Austevoll, Austrheim, Fedje, Gulen, Masfjorden, Modalen, Osterøy, Tysnes, Vaksdal og Øygarden.

Ann Kristin Schei har vore leiar for prosjektet i 2023, medan reiselivsdirektør Anders Nyland har hatt ansvaret for kontakten og dialogen med kommunane. Men heile staben i Visit Bergen jobbar med heile destinasjonen heile tida. Regionkommunane er ein integrert del av alt arbeidet som gjerast.

Verda til Bergensregionen
I 2023 har Visit Bergen hatt fokus på presse- og visningsturar i Bergensregionen. Flere av desse er innom ein eller fleire av kommunane i Bergensregionen. I 2023 har Visit Bergen hatt med internasjonale turoperatørar til Fedje, Austrheim, Gulen og Austevoll.

Visit Bergen er og vertskap for internasjonale journalistar. I 2023 har Vsiit Bergen hatt med internasjonal presse til Osterøy, Gulen, Vaksdal, Øygarden og Austevoll.

Arrangementsturisme
Eit anna segment Visit Bergen arbeider med er arrangemensturisme. I 2023 har det vore interesse for Bergensregionen frå eit nasjonalt arrangement og frå eit internasjonalt arrangement. Visit Bergen har hatt visningsturar med aktørane bak begge desse store arrangementa. Det har vore visningar i Øygarden og i fleire av kommunene i Nordhordland. Det er framleis ikkje beslutta om desse arrangementa kjem til våre breddegrader eller ikkje. Prosessen pågår.



Berekraftig reisemål
Bergen vart merka som Berekraftig reisemål i 2023. I 2023 har Regionrådxet i Nordhordland og Øygarden kommune vedteke å arbeide for at også desse kommunane skal arbeide med Merket for berekraftig reisemål. Visit Bergen har byrja på dette arbeidet i 2023, i samarbeid med dei respektive kommunane. Prosessen held fram i 2024.

Innhald frå 11 kommunar
I 2022 brukte Visit Bergen mykje tid på å laga oppdaterte innhaldspakker med artiklar, bilete og film frå alle 11 regionkommunar. Totalt er 33 verksemder/aktivitetar profilerte på film, og enda fleire er løfta fram i artiklar. Her er ein smakebit på korleis Visit Bergen jobbar ute i regionen.


Synleg på Bergen Lufthavn
Visit Bergen publiserar innhald på velkomstskjermane på Bergen Lufthavn. Gjennom 2023 har heile Bergensregionen blitt vist fram på desse velkomstskjermane.


Kurs og kompetanse
Etter at pandemien slapp taket, har Visit Bergen og fleire samarbeidspartnarar styrka arbeidet i Nordhordland. Det er skipa ei lokal, operativ reiselivsgruppe som består av representantar frå Visit Bergen, Region Nordhordland, Nordhordland UNESCO Biosfære, Osterøy Utvikling, Gulen og Masfjorden Utvikling og Klar Bedrift. Desse aktørane samarbeider om utveklings- kompetanse- og marknadsføringstilbod til reiselivet. Melloom anna har Visit Bergen og Klar Bedrift samarbeida om eit vekstprogram for reiselivet i 2023. I tillegg har me satt opp desse kursa i 2023:

• Vertskapskurs 31. mars
• Mediekurs 13. september
• Some-kurs 12 oktober
• Pakketeringskurs 24-25. oktober